torsdag 14. mars 2013

Artikkel i lokalavisa Hallingdølen 13.mars 2013


Vil stoppe ørnefôring

A A A
Det er Nes kommune som tek avgjerda.

– Eg kjem til å leggje denne saka fram til avgjerd i teknisk utval, seier skogbrukssjef Jon Andreas Ask.

I 2009 gav Nes kommune løyve til å etablere ein fotoplass på kommunal grunn i Nes Austmark. Her er ørna fôra, og naturfotografar har fått rikeleg høve til å studere og fotografere den store rovfuglen på nært hald. Resultatet er vorte bra. Det er «skote» ei rekkje gode ørnebilete.
Reaksjonar
Men reaksjonane har ikkje late vente på seg. Beitebrukarane er kritiske. Dei vil ha slutt på fôringa. Det same vil jakt- og fiskeforeininga.

– På grunn av negative reaksjonar har me derfor gått breitt ut og bede om reaksjonar før det blir teke ei avgjerd, seier Ask.

– Me har også bede om innspel frå fylkesmannen og ein ørneforskar.
Fryktar fleire rovdyr
Beitebrukarane fryktar at fôringa vil føre til ein større konsentrasjon av rovdyr i området.

At reine hobby- og fritidsinteresser skal ha ein slik negativ verknad på beitenæringa er urimeleg, uttaler beitebrukarane i Nes Austmark. Dei viser til at det er dokumentert fleire rovdyrtap, også knytt til ørn.

Østsåsen grunneigarlag er avventande. Grunneigarane har ingen større innvendingar så lenge ikkje fôringa fører til auka bestand av rovvilt i området.
Politikarane avgjer
Mattilsynet har fått melding om at det er fôra med reveskrottar frå pelsdyrgardar og matavfall frå storkjøkken.

I uttalen til Nes kommune gjer Mattilsynet det klart at bruk av reveskrottar og kjøkkenavfall er brot på reglane i bioproduktforskrifta.

– Jaktinteressene meiner at ein i tillegg til å fôre ørn forar opp ramn og kråke, og at det kan gå utover småviltet, seier Ask.

– Kva landar kommunen på?

– Dette er eit positivt tiltak også, og det er bra at kommunen kan leggje til rette for forskjellige aktivitetar på eigedommen sin. Men det blir lagt opp til ei politisk behandling av denne saka fordi det blir ei avveging mellom ulike interesser, og avgjerda kjem i løpet av våren, seier Jon Andreas Ask.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar